page view image

The Young Suffering Ensembla - Garborgdagar - Hvelvet scene

Velkommen til ei unik musikkoppleving med eit heil-akustisk band som leikar med alt frå Bob Dylan til Beyonce. Bandet består av dei folkekjære artistane Tobias Santelmann, Marie Blokhus, Hermann Sabado og Gaute Tønder. Ei oppleving som balanserer på ein knivsegg frå det humørfylte til det sårbare, med kjærleiken i fokus. Arrangementet er ein del av Garborgdagar.

Informasjon
event image

Ei unik musikkoppleving! The Young Suffering Ensembla er eit heil-akustisk band, som leikar med alt frå Bob Dylan til Beyonce.

Dørene og baren opnar 19.00 og er opne for alle med billett til konserten, og dei som har våre på Kunstutstillinga G - sanning og tvil i det gamle Jæren Meieri.

Konserten startar 21.00 og er KUN open for dei med konsertbillett.


Ensemblet består av Tobias Santelmann, Marie Blokhus, Hermann Sabado og Gaute Tønder. Dei balanserer på ein knivsegg frå det humørfylte til det sårbare, med kjærleiken i fokus. Nye og gamle, kjende og kjære låtar blir omsett til nynorsk, og blir kledd opp i ei ny musikalsk drakt. Felles for alle låtane til The Young Suffering Ensembla er at dei handlar om den o-store kjærleiken, eller mangel på han.

«Vi syng, vi lir, vi trur, vi gret, vi elskar og vi gir oss faen ikkje.»


Arrangementet er ein del av Garborgdager, og konkluderar festivalen. Etter konserten fortset avslutningsfesten for Garborgdagar her i Kulturbanken. Så frå 22.00, når konserten er slutt, er det då ope for alle.

theyoungsufferingensembla tyse musikk live konsert hvelvetscene kulturbanken opplevelse jæren bryne garborg garborgdagar garborgdagar2024

Restriksjoner

Anbefalt aldersgrense er 18 år, men vergeordninga gjeld.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderes ikkje.